Anlaug Åkre Elven vaks opp saman med 5 sysken på ein på ein liten fruktgard i vakkre Hardanger,under Folgefonna. Det var eit vilt og vakkert landskap dei vaks opp i. Dei hadde dyr på garden og dei mange mange frukttrea stod i blom kvar vår.
I huset var rosemaling som var laga av bestefar og tanter. Det ho lika best då ho var barn,var å lesa.Når dei leita etter ho, fann dei ho alltid med nasa i ei bok Men bøkene MÅTTE vera spennande.
Den gongen,var det ei yngre syster som teikna .Ho teikna til og med på veggene. Då Anlaug var 24 år gifta ho seg med ein trønder og flytta til Trøndelag. Då hadde ho allerede skula på ein udelt skule der eitt år. Trønderdialekten venja ho seg snart til,men ho har aldrig lært å snakka trøndersk.
"I flukt", 40 x 60 cm. Kunstner: Anlaug Åkre Elven.
Kunstinterssa hennar vaks då ho og familien ferierte 10 år på Sørlandet i båt. Det var så mange koselige små galleri i byane der.Det var fin av avveksling frå båtlivet.
Anlaug ville gjerne læra å mala,men det var fyrst etter at dei alle flytta til Trondheim at ho fekk gå kurs på Heimdal Kunstforening. Etter Sørlandet,vart det Spania som vart ferieplass. Der traff ho ei engelsk dame som budde der nede og var kunstutdanna.Ho vart læraren hennar der.
Kansje er Spania som lærde Anlaug å verta glad i fargar? Anlaug planlegg lite.Ofte startar ho berre opp med kvitt lerret,akrylmaling og tusjar. Det er spennade å sjå kva som veks fram etter kvart! Det er gleda ved å å skapa som er drivkrafta hennar.Det kjem ofte fuglar i verka.Dei står for FRIHEIT!
